Bergmynte – Origanum vulgare

Norsk: bergmynte, kung, kungsmynte, kong, kongsgras, vill oregano, ølkom
Dansk: vild merian, almindelig merian
Svensk: kungsmynta, vildmejram, oregano, spansk humla
Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blad, blomst, unge toppar eller heil plante utan rot.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Skarpt aromatisk, fremjar appetitt og matmelting, virkar mildt sveitte- galle- og urindrivande, slimløysande, samantrekkjande og antiseptisk, kvalmedempande, stimulerar livmora og fremjar menstruasjonen, varmande og svakt roande.
Togg ein friske blad skulle dei lindra tannverk, dei kunne òg brukast mot sjøsykje og mot slangegift. Arvidh Manson skriv i 1628: Om noen blir bitt av en orm må man koke denne urt og gi dem å drikke. Det hjelper.
Bergmynte kunne driva bort djevelen og verna kvinner mot trollskap i samband med t.d. brurevigsel eller fødsel.
Bergmynte har lange tradisjonar brukt som krydder i kjøtmat, blodmat og supper, og vart rekna som ei av “pølseurtene” saman med sar, timian og merian. Også brukt ved ølbryggjing på same måte som humle.
Bergmynte er ei ikkje uvanleg lukttilsetjing i såper og parfymer, særleg til menn.



