Dill – Anethum graveolens

Illustrasjon: Otto Wilhelm Thomé: «Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz», 1885.

Norsk: dill
Dansk: dild
Svensk: dill
Islandsk: dill, sólselja

Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, eittårig.
Brukte plantedeler: blad, blomst, frø, heil plante.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Kolikk- og mjølkeløysande, urin-, galle-, menstruasjons- og sveittedrivande, krampestillande, svakt roande, smertestillande og betennelseshemmande.

Det vert sagt at dill fordriffuer Hickelse (hikke) oc Spyelse oc giør vel at pisse. For mykje dill giør udugelig og ulystig til Naturens Spil oc Leg. Frø kokte i vin eller vatn ville bli den Drik som give Kvinderne Melken tilbage og som stille Tarmernes Vrede.

Frisk dill vart lagt på augneloka for søvn, tørre dillbukettar på soverommet virka roande, dilldamp gav søt søvn.

Brend dill skulle vere ypperlig til Saar og Bylde, særlig til de der kommer på de hemmelige Steder – strøe Pulferet paa!

Ein dilldusk over døra kunne halda trolldom borte. Dill vart òg brukt i urteblandingar til å kurere “forgjorde” menneske og dyr.

All Rights Reserved