Lavendel – Lavandula officinalis (angustifolia)

Norsk: lavendel
Dansk: lavendel
Svensk: lavendel
Islandsk: lavender
Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: blad, blomst, blomstrande greinspissar eller heil plante.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Roande og søvndyssande, antidepressiv, krampeløysande og smertestillande, mage- og nervestyrkjande, galle-, urin- og slimdrivande, blodtrykkssenkjande, menstruasjonsregulerande, mildt samantrekkjande, antiseptisk, bakterie- og sopphemmande, insektsdrepande og- skremmande og hudirriterande.
Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv, omsett frå tysk hjelper ved lever- og lungeproblem og ved insektplage. Bukettar til å pusta gjennom var mykje brukt ved fare for smitte, særleg ved pest. Lavendel vart òg strødd på golvet i kyrkjer og private heimar av same grunn og fordi insekta skyr lavendellukta. Kvinner sydde lavendel inn i hattar og andre klesplagg for å unngå kvalme og anna ubehag. Lavendelputer kjenner vi òg i vår tid
Frisk plante vart gnidd på gikt, hovne område og verkjande sår. Lavendeluttrekk var svært aktuelt som munnvatn ved sår i munnen og ved vond lukt av pusten.
Overlege Danielssen nemner i boka frå 1847, i samband med leprabehandling: Rögninger af adstringerende Urter f.Ex Flores Lavandulae. Ved stadig Brug av disse Midler, gjenvinder den ydre Hudflade lidt efter lidt sin Glands og sin Fasthed.



