Lungeurt – Pulmonaria officinalis

Illustrasjon: Otto Wilhelm Thomé: «Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz», 1885.

Norsk: lungegurt
Dansk: almindelig lungeurt
Svensk: lungört, fläcklungört

Boraginaceae, rubladfamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: blad eller heil plante.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Slimløysande og hostedempande, sveitte- og urindrivande, mjukgjerande og samantrekkjande, blodstillande og sårheilande, antibakteriell, betennelses- og irritasjonsdempande.

Nytta direkte på sår og skader som blodstillande og sårheilande middel.

Lungeurt er eit eksempel på den i si tid mykje utbreidde signaturlæra, at ein ut frå utsjånad på ei plante skal kunna sjå kva plage ho kan hjelpa mot. Med litt velvilje kan eit flekkut lungeurtblad likna på ei sjuk lunge. At blomsterfargen kan skifta frå raudt via fiolett til mørkeblått, kunne tolkast som fargeskiftingane i blodet, om det var på veg frå eller til lungene.

Ei legende knytte jomfru Maria til flekkut lungeurt. Det vart sagt at ein gong ho amma Jesusbarnet, draup det mjølk på planta. Difor vart lungeurten òg rekna som ei av Mariaurtene.

I nyare tid rekna ein med at lungeurt kunne innehalda leverskadelege stoff sidan den nære slektningen valurt (Symphytom officinale) inneheld slike. Forskning har synt at dette ikkje er tilfelle.

All Rights Reserved