Marikåpe – Alchemilla vulgaris

Norsk: marikåpe, marikjortel, Jomfru Maria kåpe, marimynte, løvefot, vasstakk, vassbjølle
Dansk: almidlelig løvefod, fruekjole, jomfruurt, Maria-kåbe
Svensk: daggkåpa, daggskål
Islandsk: maríustakkur
Rosaseae, rosefamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blad, heil blomstrande plante.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Menstruasjonsregulerande, livmorstyrkjande, mildt samantrekkjande, krampeløysande, stoppande ved diaré, appetittaukande, febersenkande, betennelsesdempande, sårheilande og urindrivande.
Utvortes kunne frisk pressa plantesaft eller knust urt brukast på vanskelege sår og insektsstikk. Kjevla marikåpeblad vart òg brukte som sårbandasje, dei trekte ut verk, vart det sagt.
Uttrekk mykje brukt som skyllemiddel for å unngå underlivsplager hjå kvinner og som omslag på sår og skadd hud. Marikåpa vart rekna som ei av dei viktige kvinneurtene, og kunne få ei skadd jomfruhinne til å gro og kunne letta ein fødsel og plagene etterpå.
Dropane på marikåpeblad er som regel eit sekret som planta sjølv skil ut. Dei vart rekna for å ha mystiske og magiske krefter som i tillegg til å kunna omdanna bly til gull, også vart hevda å vera kjelde til å attvinna ungdommen.
Som fargeplante gjev marikåpe ulike gulfargar, ved tilsetjing av jernsulfat vert det ymse gråfargar.



