Meisterrot – Peucedanum ostruthium

Illustrasjon: Franz Eugen Koehler: Koehlers Medizinal-Pflanzen in naturgetreuen Abbildungen und kurz erläuterndem Texte (1883-1914).

Norsk: meisterrot, mesterrot
Dansk: mesterrod, storskærm
Svensk: mästerrot

Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: Jordstengel og rotstokk, også blad, blomst og frø.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Er aromatisk og bitter, stimulerar appetitt og magefunksjon og fremjar matmeltinga, er krampeløysande, driv sveitte, urin og menstruasjon, løyser slim, dempar feber og betennelse.

Friske blad vart tradisjonelt brukte på saktegroande sår som det hadde sett seg vondt i. Safta av frisk rot vart brukt på byllar og svullar, for å få ut det vonde. Nicholas Culpeper (1616-1654) skriv: Om ein dryp plantesafta i grøne og ureine sår eller sår det er gift i, vert dei raskt reine og heilast.

Meisterrot er ei gammal trolldomsurt som kunne driva ut djevel, troll og hekser som inga anna plante på grunn av dei sterke banda ein oppfatta til det treeininge og all symbolikken som vart lagd i det.  Dei gamle romarane såg på planta som ei universalmotgift: den lækjer alle sår, gjer blinde sjåande og gjer gamlingar til ynglingar.

Eit gammalt sitat etter Henrik Harpestreng (døydde i 1244): Den læger spedalskhet når den blandes med eddik.

All Rights Reserved