Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Lett blodtrykkssenkande, avslappande, mildt samantrekkjande, roande, sveittedrivande, sårheilande, fordøyingsfremjande, virus- bakterie- og sopphemmande.
Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv, omsett frå tysk: Melisse hjelper ved trøyttleik, ved kvite flekker i augo og når ein er sorgmodig.
Mjukgjerande på hud, reinsande og lindrande på sår, forkjølingssår (herpes simplex) og insektsstikk.
Overlege Danielssen nemner i boka frå 1847, i samband med leprabehandling, Rögninger av adstringerende urter f. Ex. Herba Melissae. Ved stadig Brug af disse Midler, gjenvinder den ydre Hudflade lidt efter lidt sin Glands og sin Fasthed.