Spansk kjørvel – Myrrhis odorata

Illustrasjon: http://runeberg.org

Norsk: spansk kjørvel, aniskjørvel
Dansk: spansk kørvel, aniskål, sødskærm
Svensk: spansk körvel, aniskål, sötskärm
Islandsk: spánarkerfill

Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: frø, blad, rot.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Spansk kjørvel er ei aromatisk plante som virkar stimulerande på appetitt og matmelting, svakt morsmjølk-, slim-, urin og avføringsdrivande, svakt antiseptisk, blodreinsande og svakt blodtrykkssenkande.

På same måten som kvannrot vart òg rota av spansk kjørvel halden mellom tennene og pusta gjennom ved risiko for fårleg smitte, særleg ved pest. Salve laga av rota vart brukt på alle slags sår. Knuste, friske blad vart brukte på giktknutar og revmatisme. Spansk kjørvel vart mykje brukt som eit generelt styrkemiddel.

Friske blad vert brukte i salatar, kokte som grønsak eller serverte i supper. Før var det vanleg å koka spansk kjørvel saman med rabarbra for å mildna syresmaken. Grøne, umogne frø har ein gjennomtrengjande søt anissmak. Dei smakar svært godt, finhakka i dessertar og salatar. Tygg ein fruktene, er dei ikkje berre gode som snop, men minskar òg tarmgassutvikling. I større mengd er dei avførande. Rota kan òg brukast fersk i salatar eller kokt som grønsak.

Finklipte blad og ferske frø kan brukast som søtingsmiddel av diabetikarar då det ikkje vil gje utslag på blodsukkeret.

Før var det vanleg å polera edelt treverk, særleg eik, med frisk plante. Treverket vart vakkert og velluktande, vert det fortalt.

All Rights Reserved