Isop – Hyssopus officinalis

Illustrasjon: Otto Wilhelm Thomé: «Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz», 1885.

Norsk: isop
Dansk: isop, ægte isop
Svensk: isop

Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blad, blomst, unge skot.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Universalmiddel, aromatisk, antiseptisk, løyser slim og kramper, stimulerar appetitt, fordøying, menstruasjon, urin og galle, hemmar sveitte og og er svakt roande, men aukar blodtrykket. Samantrekkjande og betennelseshemmande, brukt mot skabb, kløe, ringorm og andre hudsjukdommar.

Hildegard von Bingen ( 1098-1179) skriv at isop hjelper ved nyre- og gallestein. Ho skriv òg, omsett frå tysk: Den som hostar og har leversmerter, og den som er kortpusta og har lungeplager bør ete isop, anten med kjøt eller flesk, og det vil gå vedkomande mykje betre.

Isop er tillagt ein magisk, reinsande effekt. Iallfall kring Middelhavet vart det nytta isop til å reinsa spedalske som var erklærte friske før dei fekk venda attende til samfunnet.

All Rights Reserved