Salvie – Salvia officinalis

Norsk: salvie, kryddersalvie, tesalvie
Dansk: læge-salvie, salvie
Svensk: kryddsalvia, salvia
Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blad, unge skot.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Hemmar utskiljing av spytt, sveitte og mjølk, stimulerar galle, urin og menstruasjon, krampeløysande, samantrekkjande, blodstillande, avslappande og roande, antirevmatisk og smertestillande, antiseptisk og reinsande, svakt blodsukkersenkjande.
Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv: Når ein ikkje klarar å halda på urinen på grunn av kulde, då kokar ein salvie i vatn, siler gjennom ein duk og drikk dette varmt og ofte, då vert ein frisk att.
Salvieblad er eit gammalt, velkjent middel til reingjering av tenner og tannkjøt. Gurglevatn tilsett salvie skulle vere gunstig ved vond hals og illeluktande pust. Salvie vart ofte tilsett ved fotbad for å minska fotsveitten. Friske salvieblad på insektsstikk skal gje rask lindring.
Salvie-uttrekk vart nytta til omslag på seintgroande sår og til reingjering av infisert utslett og eksem. Henrik Harpestreng, som døydde i Roskilde i 1244, gav rådet: Hvis de edlere deler klør, da vask dig med vin, som er kogt med salvie.
Sidan salvie kan ha verknad på mange såkalla kvinneplager, frå klimakteriesveitte til hysteri, vert den òg av mange rekna som ei kvinneurt.
Salvie har svært lang tradisjon som krydderplante, særleg der det er snakk om feite matvarer. Den har òg ein viss konserverande verknad på mat. Og den har erstatta humle ved ølbryggjing, kanskje òg som eit konserveringsmiddel?
Det vart sagt at ein kunne opna læste dører med ein salviekvist. Salvien skulle òg ha evne til å forlengja livet og vart ofte brukt i samband med at ein ynskte godt – eller vondt for einkvan.



