Daglilje – Hemerocallis lilioasphodelus

Norsk: daglilje
Dansk: daglilje
Svensk: daglilje
Hemerocallidaceae, dagliljefamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blomst, blomsterknopp, blad, rotknoll.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Det er ikkje lett å finna litteratur om medisinsk bruk av daglilje, sjølv om ei heil rekkje nettsider nemner dette i ein bisetning, men oftast utan å gje opp kjelder.
I ein del gamle europeiske kjelder, omtalte på nettet, vert det fortalt at daglilje virkar mot sorg, korleis er ikkje sagt noko om. Det vert òg fortalt at i ein del av Kina var daglilja sin viktigaste funksjon og effekt emosjonell, nemleg å gje utlaup for sorg. Den lysande blomsten med sin herlege ange kunne virka oppmuntrande og opplyftande på sinnelaget.
Kring 1050 vart daglilja brukt i Kina som eit urindrivande middel, til å kurera inkontinens og smertefull urinering. Safta frå ferske, knuste røter vart gjeven til pasientar som leid av skrumplever og gulsott. I tillegg vart daglilja brukt mot for høg kroppstemperatur og blødning.
Rota og blomsterkruna skal òg ha vore brukte som smertestillande medisin. Rotsafta skulle vera ei effektiv motgift ved arsenikkforgifting. Rotuttrekk skal ha ein antitumor effekt og har tradisjonelt vore brukt mot kreft og andre former for svulstvekst.



