Kvann – Angelica archangelica

Illustrasjon: Otto Wilhelm Thomé: «Flora von Deutschland, Österreich und der Schweiz», 1885.

Norsk: kvann, kvannjol, jol
Dansk: kvan, angelik
Svensk: fjällkvanne, ängelört, angelika
Islandsk: ætihvônn

Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, to- eller fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: rot, blomst, frø, heil plante.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Kvann inneheld m.o.a. aroma- og bitterstoff og stimulerar appetitt, magesaft og menstruasjon, lindrar hoste og driv slim, urin og sveitte, senkjer feber, hemmar bakterier og sopp, reinsar blod og er generelt desinfiserande. Primært hjelper kvann på plager knytte til fordøyingssystemet, virkar bakteriedrepande i mage/tarm og aukar syreproduksjonen.

Kvann røykt i pipe gav desinfiserande røyk. Kvannrot mellom tennene, som ein pusta gjennom, var eit mykje brukt middel mot pestsmitte. Kvann var ei av dei få medisinplantene som vart eksportert frå Norden til resten av Europa.

Kvann vart òg mykje nytta som matplante , mest på same måten som rabarbra, og som smakstilsetjing. Kvannsmaken vart rekna som god av våre forfedre, dette har gjerne endra seg noko.

Kvann er framleis hovudsmaksstoff i dei franske likørane Benediktiner og Chartreuse og i den norske St. Hallvard likøren.

 

All Rights Reserved