Malurt – Artemisia absinthium

Illustrasjon: Franz Eugen Koehler: Koehlers Medizinal-Pflanzen in naturgetreuen Abbildungen und kurz erläuterndem Texte (1883-1914).

Norsk: malurt, betyr møllurt
Dansk: malurt
Svensk: malørt, vermut, gråbonde
Islandsk: malurt

Asteraceae (Compositae) korgplantefamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: blad, toppar med blomster.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Aromatisk bitter, appetittvekkjande, galle- og menstruasjonsstimulerande, desinfiserande, betennelseshemmande, krampeløysande, mildt antidepressiv.

Hildegard von Bingen (1098-1179) gav råd om uttrekk av malurt, omsett frå tysk: Drikk dette fastande frå mai til oktober kvar tredje dag, og det vil undertrykkja melankolien i deg, gjer augo dine klåre, styrkjer hjarta og hindrar at lungene vert sjuke. Det varmar magen, reinsar det indre og legg til rette for god fordøying.

Tidlegare vanleg brukt til å fordrive børne-, spole- og bændelorm. Utvortes vart malurt brukt på skrammer, insektstikk, lus og skabb, hudkløe og såre musklar. Verkar avskrekkande på møll og andre insekt, brukt til do-bukettar. Arvidh Manson skriv i 1628: Malörta vatten dödar löss i huvudet och flatlöss med, om man tvättar huvudet eller annorstädes som det behöves där med.

Skulle òg hjelpe mot lystens begjær.

Vart brukt i absint, saman med kvann, anis og merian. Framleis brukt i vermut og martini.

Overlege Danielssen nemner Extractum Absinthii i boka frå 1847 som aktuell i samband med leprabehandling.

All Rights Reserved