Purre – Allium porrum

Illustrasjon: http://caliban.mpiz-koeln.mpg.de

Norsk: purre, purreløk
Dansk: porre
Svensk: purjolök

Alliaceae, løkfamilien, toårig.
Brukte plantedeler: blad og bladskjedar.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Løyser slim og opnar luftvegar, driv urin-, sveitte- og galle, virkar antiseptisk, er bakterie- og soppdrepande, virkar kolesterolsenkande, blodåreutvidande og er krampeløysande. Er giftig for innvollsparasittar.

Grautomslag av kokt purre på byllar og betente sår skulle trekke ut vondskapen. Omslag av fersk purre modna svullar, så dei kunne skjerast.

Knust eller toggen purre var eit vanleg middel mot soppsjukdommar som fotsopp og ringorm, eller på insektsstikk.

Purre har eigenskapar som vi meir eller mindre uttalt finn att hjå mange andre slektningar i løkfamilien, der allium sativum, kvitløk, er den aller fremste representanten når det gjeld verdifull og potent medisinsk verknad.

I det gamle Egypt var purre ei heilag plante, å sverja ved purren var likeverdig med å sverja ved ein av guddommane.

All Rights Reserved