Sverdlilje – Iris pseudacorus

Norsk: sverdlilje, jonsoklilje, mækje (mækir, sverd på gammalnorsk), mææk
Dansk: gul iris
Svensk: svärdslilja
Iridaceae, sverdliljefamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: rotstokk (rhizoma), frø, blomst.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Frisk rot er samantrekkjande, reinsande, oppkast- og avføringsmiddel, smertestillande, stimulerar menstruasjon.
Rota er i frisk tilstand veldig skarp og bitter. Turka rot er ikkje lenger bitter, og virkar då berre samantrekkjande og lindrande. Tørka rot, eller rettare sagt rotstokk, luktar sterkt av fiol og vart kalla ”fiolrot”. Velluktande ”fiolrot” vart brukt til lindring for småborn ved tanngjennombrot, nærmast som ein moderne bitering. Ei snei av frisk rot halden mot ei smertefull tann skulle ha raskt lindrande effekt.
Fersk rotstokk vart brukt utvortes ved sårbehandling. Knust i honning skulle sverdlilja kunna lækja hòlsår, slik at det då vart danna nytt kjøt. Overlege Danielssen nemner i boka frå 1847 Iris som eit medikament i samband med leprabehandlinga. Kanskje hadde han med seg minst 700 år gammal lærdom, Hildegard von Bingen (1098-1179) hevdar nemleg at irisrot, riven godt ut i gammalt feitt, hjelper mot begge typer lepra, særleg om ein i tillegg drikk mykje geitemjølk.
Tørka rot vart òg brukt som magestyrkjande middel: — naar Mafen, efter mand har faaet mad, ey vil vel lucke sig oc bestyrcke sig til at forrette sit Naturlig Verck oc Bestilling.
«Fiolrot» ikkje berre luktar godt sjølv, men har òg evne til å ta opp i seg og halda på andre lukter, difor mykje brukt i potpurri og ymse andre godluktartiklar, også likør. Brende frø skal ha vore brukte til kaffierstatning.
Av blomsten kunne det framstillast ein vakker gulfarge, av rota svart farge.



