Bjørnerot – Meum athamanticum

Norsk: bjørnerot, bjønnrot, karriplante
Dansk: bjørnerod
Svensk: björnrot
Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blad, blomst, rot.
Eigenskaper og bruk etter tradisjonen
Appetittstimulerande og fordøyingsfremjande, skulle hjelpa mot stærke Vinde, mykje brukt for å stimulera lyst og auka potens. Bjørnerot vart òg brukt mot hoste og som kur mot slangebit.
Nicholas Culpeper (1616-1654) skriv, omsett frå engelsk, pulverisert rot saman med fast sukker, rørt ut i kvit vin, øl eller vatn, tatt inn morgon og kveld, mange dagar på rad, lettar menstruasjon og utflod etter fødselen og forenklar sjølve fødselen og etterbyrden.
Bjørnerot er gjerne rekna som vårt eldste krydder, er ei av dei gamle, litt “magiske” urtene. Aftørrede, friske Urter trækkes som The, drikkes på Snaps i tre Uger mod Impotens. Eller Roden drikkes udtrukket i Snaps og gifver Manden Biørnens Styrke og ligervis Potens. Bjørnerot har lange tradisjonar som brennevinskrydder, utan at eventuell biverknad nødvendigvis var påtenkt eller ynskt.
Rota har ein kraftig, pikant aroma som har sett smak på mang ei suppe opp gjennom tidene. Friske, klipte blad har vore brukt som grønt, velsmakande dryss på maten.



