Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Lindrar irriterte slimhinner, slimløysande, hostestillande, sveitte- urin- og avføringsdrivande, sårheilande og roande.
Grautomslag av knust rot eller blad vart brukt som omslag på sår, brannsår, byllar og utslett. Ei gammal tilråding: utbløytt i urin mot bylder i hovedet.
Overlege Danielssen nemner i boka frå 1847 bruk av linde salver, saasom Unguentum de Althea i samband med leprabehandling.
Det er uttrekk av legestokkrose i autentisk utgåve av Kongen av Danmark-sukkertøy. På grunn av alt planteslimet kan det berre lagast kalde uttrekk av legestokkrose, varme vil øydeleggja det.