Peparrot – Armoracia rusticana

Illustrasjon: http://www.liberherbarum.com

Norsk: peparrot, pepperrot
Dansk: almindelig peberrod, peberrod
Svensk: pepparrot
Islandsk: piparrót

Brassicaceae ( Cruciferae) krossblomstfamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: rot, rotstokk, stengelknoll, blad.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Stimulerar blodomlaupet, er varmande og har antibiotiske eigenskapar, er betennelsesdempande, menstruasjon-, sveitte- og urindrivande og mildt avførande, stimulerar appetitt og magesaftproduksjon og hindrar skjørbuk.

Finhakka i mat skal ho kunna driva ut innvollsparasittar hjå både menneske og dyr. Som omslag på frostknutar og ved dårleg sårheiling, på støle og giktiske musklar og ledd. Det vert òg nemnt at peparrot vart brukt på same måten som kamfer i ein klut på brystet ved tette luftvegar.

Grautomslag kan diverre føra til blemmer på huda, men kan òg få vonde byllar til å gå hol på!

Arvidh Manson skriv i 1628: Støter man Pepperrot med Eddik og legger på en som har Pestbyller, tar det bort Heten og det Onde.

Ei gammal tru gjekk ut på at om ein gnei frø frå peparrota mellom hendene, kunne ein utan risiko gripe om ein hoggorm. Peparrotsaft blanda med salt var eit tradisjonelt middel til å drypa i øyro for å få att høyrsla om ein vart døv.

Peparrot vart òg brukt i samband med djevleutdriving. Ho vart av mange sett på som ei magisk trolldomsurt og som eit generelt tryllemiddel, mest på same måten som alrunen, i tillegg var ho nok mykje enklare å få tak i.

Røter og bladverk gjev gul farge til tekstiler.

All Rights Reserved