Ryllik – Achillea millefolium

Norsk: ryllik, soldaturt, krydderblom, ølkong
Dansk: almindelig røllike, soldateurt, tømreurt
Svensk: rölleka, röllika, jordhumle, näsgräs
Islandsk: vallhumall
Asteraceae (Compositae), korgplantefamilien, fleirårig.
Brukte plantedeler: blomst, blad eller heil plante.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Krampeløysande, samantrekkjande, blodstillande, sårheilande og virkar hemmande på betennelse, driv sveitte og urin, regulerar menstruasjon, fremjar appetitt og matmelting, reinsar blod, senkar feber og blodtrykk, opnar perifære blodkar, kan hindra blodpropp og styrkjer nervane.
Ryllik har gamal tradisjon i samband med djevelutdriving, også til å opna opp for innestengde kjensler og til å opna “det tredje auga”.
Salve av knuste ryllikblad og feitt, til sårstell, er kjent frå mange av dei gamle kulturane, frå Kina og Egypt, frå romarar og vikingar. Støt Ryllik med kokt flesk og lag et plaster av dette, er rådet i Urteboka frå 1628. Hildegard von Bingen (1098- 1179) rår den skadde til å vaska såret med vin og så leggja på eit omslag av nykokte ryllikblad. Friske, knuste blad på sår stoppa blødningen og reinsa såret, også mykje brukt ved naseblod, då vart blad rulla saman til “proppar” og plasserte i naseboret til blodet stoppa. Hudvatn av ryllik brukt mot ymse plager, frå brannsår til liggesår. Uttrekk av ryllik finst framleis i ein del hudpreparat.
Tørka ryllikblad har vore nytta som krydder i t.d. pølser og annan kjøtmat, også ved ølbryggjing som erstatning for humle. Brukt til plantefarging får ein gule fargar av blomst og grøne fargar av blad.



