Stolt-Henrik – Chenopodium bonus-henricus

Norsk: stolthenrik, stolthenrikmelde
Dansk: stolt henrik, stolthenriks gåsefod, flerårig spinat
Svensk: lungrot, gode Henriks målla
Chenopoidaceae, meldefamilien, fleirårig.
Gammal klosterplante.
Brukte plantedeler: blad, unge skòt, frø og blomsteraks.
Eigenskapar og bruk etter tradisjonen
Ved kogning bliver urten blød og ”blødgør maven”, kogte, hakkede blade er bl.a. brugt mod forstoppelse, fortel Anemette Olesen. Det svenske namnet lungrot viser truleg òg til tradisjonell bruk i Sverige. Rota vart iallfall brukt som hostemedisin for sauer, kanskje òg for svenskar?
Elles vart nok Stolthenrik gjerne mest brukt til mat, unge blad til salat, kokte som spinat eller i gryter og supper. Unge aspargesliknande skòt og blomsteraks vart etne som grønsaker. Unge blad vart rekna som særleg veleigna for svake og blodfattige, og dei viser seg òg å vera rike på jern, kalsium, vitamin B1 og C. Stolthenrik vart rekna som eit særs veleigna fór til oppfeiting av fjørfe.
Frøa vart brukte som eit mildt avføringsmiddel, men òg til å framstilla ein spesiell lærtype.
Elles gjev heile planten ymse sjatteringar av raude og gyldne fargar til tekstilar.
Blad som grautomslag hjelper mot sår hud. Arvid Mansson skriv i 1628: God Henrick är en kostelig ört till läkedom, brukas till plåster och salvor, och må man väl stöta henne gröna, och lägga uppå onda sår och skador, ty hon läker mycket väl.



